Ordensregler for skolene i Fjell kommune

ORDENSREGLAR FOR SKULANE I FJELL KOMMUNE

Alle skular skal ha eit ordensreglement.
Opplæringslova § 2.9. Forskrift til Opplæringslova § 3-5
Ordensreglementet er ei forskrift. Forvaltningslova §2, §37, §38
Reglement R-skriv 07-2005 frå Utdanningsdirektoratet er lagt til grunn.

Skulane kan ha utfyllande reglar. Elevar, føresette, lærarar og skuleleiinga bør delta i utforminga av desse reglane.

1. Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova § 9a. 1 og 4
2. Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon opplever krenkande og ulovleg åtferd frå andre.
3. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. Opplæringslova §2.9. og 3.7.
4. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne respekt for undervisninga.
5. Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
6. Elevar skal ikkje ha med eller bruke farleg reiskap på skulen.
7. Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5.
8. Elevar skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr i skuletida – dette skal vere avslått og liggje i sekken.

SANKSJONAR VED BROT PÅ ORDENSREGLANE:
Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/inspektør/rektor
Melding til dei føresette, møte med dei føresette
Bortvising i inntil 3 dagar (gjeld ungdomssteget). Elevar på årstrinna 1 – 7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Foreldra til elevar på barnetrinnet skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen. (Opplæringslova §2.10 – Bortvising, enkeltvedtak med klagerett)
Gjensitting eller parade
Skifte av gruppe, klasse, skule
Nedsett karakter i orden og åtferd
Inndraging av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr – vert levert tilbake ved slutten av skuletida same dag.
Skadeverk medfører at eleven må rydde opp /utbetre skaden og dei føresette er erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000 (skadeerstatningslova §1.2)
Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og evt. levering av desse til politiet
Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal prosedyre).

PRESISERINGAR:
Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:
– fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside
– negative sms , mms, chat, epost, ryktespreiing
– rasistiske utsegn og handlingar
– seksuell trakassering
– sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
– hærverk
– valdsbruk
– mobbing
– trugsmål

Farleg reiskap er til dømes:
– Gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d. knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag

Rusmiddel:
nulltoleranse for tobakk og andre rusmiddel

Dat. 07.03.2007 – Rev. 11.05.10 2010, KDD

FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA, KAPITTEL 3 § 3-5.
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen. Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr. Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre. Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.
I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.

 

Mobiltelefon/ elektronisk utstyr på Hjelteryggen skole:
Elever skal ikke bruke mobiltelefon eller annet privat, elektronisk utstyr  i skoletiden. Dersom de har bruk for mobilen etter skoletid, kan den ligge avslått i sekken.

Konsekvenser ved bruk av mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr i skoletiden:

  1. Kontaktlærer tar inn telefonen/ utstyret for resten av dagen. Telefonen blir levert tilbake til eleven ved slutten av skoledagen. Infobrev fra kontaktlærer.
  2. Forbud mot å ha mobiltelefon/ utstyret med på skolen i en periode på en måned. Foreldre henter mobilen/ utstyret. Brev fra skoleledelsen.